steinar raknes press1
link to tundra group
header

New review on LIVE! - Dag Og Tid

25.01.2013 10:03 by Steinar Raknes

Forfatter: LARS MOSSEFINN
JAZZ URBAN CONNECTION: «Live!» Urban Connection såg dagens ljos i Trondheim i 1996. To år seinare blei dei første band til å vinna Jazzintro.
Etter ni aktive år med konsertar i inn- og utland og tre plateutgjevingar tok Urban Connection ein sjuårspause.

Den fjerde plata er eit konsertopptak frå Dokkhuset i fjor vår. Sju Raknes-komposisjonar er utgangspunktet for ein liten time med ellevill musikalsk leik. Innleiinga på opningssporet «Oh Yeah!» set standarden. Ornette Coleman på speed. Boren fram av eit forrykande komp finn Nymo stadig nye idear og innfallsvinklar før Mjåset Johansen viser virtuost trommespel så svingande som berre Han Bennik kan.

SYNER HEILE POTENSIALET

«Song for Everyone» er ein kontemplativ ballade som graviterer rundt eit bassostinat som avslører den lyriske sida ved Nymo, men det er i låtar som den rå og groovy «Front Door» og den leikne «Tales of Dr. Faustus» at Urban Connection får synt fram heile sitt potensial. På sistnemnde får alle armslag, og dei set eit ettertrykkjeleg punktum med ein feit bluessekvens.

Lyden på plata er upolert, gjennomsiktig, men med masse trøkk. Når det gjeld lydbiletet, praktiserer dei flat struktur. Eg har sett meir vellukka plateomslag, men ein kan pakka mykje verdfullt inn i gråpapir. Ein knallsterk start på plateåret 2013.

Lars Mossefinn er frilans kulturkonsulent og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Mjåset Johansen viser virtuost trommespel så svingande som berre Han Bennik kan.
Bildetekst:
 - FRODE NYMO, ALTSAKSOFON; STEINAR RAKNES, BASS; HÅKON MJÅSET JOHANSEN, TROMMER. RECKLESS RECORDS
 - Urban Connection er Steinar Raknes (bass), Frode Nymo (altsaksofon) og Håkon Mjåset Johansen (trommer).

Go back