Review of "Tangos, ballads & more" in Dagsavisen
17.11.2008 00:00 by Steinar Raknes
NY RAKNES
Du har høyrt han som kraftbassist i The Core, som også er plateaktuelle denne veka, i Urban Connection som vann den første nye jazztevlinga i festivalregi, og i trioen til felemannen Ola Kvernberg. Klart i minnet står samspelet med Chick Corea og trommeslagar Håkon Mjåset Johansen då Corea møtte Trondheim Jazzorkester, men vi bryt merittlista med å melde at den opphavlege Midsundværingen slepp sitt første soloalbum.
«Tangos, ballads and more» ber bod om musikk i eit rolegare lege, med barytonsaksofonens utøvande nestor John Pål Inderberg, gammal medspelarar som dei to andre i bandet, Mjåset Johansen og Ola Kvernberg. Det er ei besetning som skapt for dette materialet. I tidsriktig salong står dei fram på omslaget, Steinar har skrive musikken med unntak av to Jobim-låtar og Joni Mitchells «All I Want» (framført solo på bass), og etter ei «cool» åpning som set oss i rett stemning, er det berre å nyte songane i fulle drag, enten du er i tango-, i ballade- eller annan modus. Ein gjennomført stilig platedebut.