Blandemaskinkor

Appears on:

Due Og Drone

due og drone
Grappa
2021

Detta he me blanda i maskinå

Vatn og sement og støypesand

For lusne kroner lønn i timå

Ei skyffel og ein sekk te alle mann!

 

Spikrar fast med stål og lemmer

Og uhøvla forskalingsbord

Vatrar av og ser at det stemmer

Med auemål og loddesnor

- Her gjeng det så det søng mot dørken

Kjenner ikkje at det er eit slit

Murarar i beit for mørtel

Ropar ut om mær skit!

 

Ååå

 

Lempa sekken opp i trillebårå

Femtikilosekkar med sement

So vidt det gjeng, det gjekk på håret

Med støypen i sitt rette element

 

Her sær me alltid kannj so dug

Me har herda nye material

Finpussing og fuger

Av fasadar, utsider og skál

Hær kor trommelen gjeng og duræ

Muraren som byggje blokk

I omfár opp til høge murar

Skrik ´en ut at nok er nok!

 

Åååå

 

Bette jarnet, støypa og armere

Få satsen opp i trillebår og vagg

Ta ei gasta tak og sjå og lære

Til me heise sperreflagg

 

Støypen har blitt ferdig blanda

I bordgang på eit høgt stillas

Med liv i neven, stål i handa

Kranseskål, musikk og stas

- Muren he blitt reist frå jorda

Muren løfta se te værs

Muren stig so sang i orda

Orda kling so sang i vers!

 

Åååå

 

Me kan riva ned forskaling

Mørtel he blitt hard betong

Tida inne før betaling

Jobben gjort for denne gong

- Muren stengd og vegen åpen

Me har vågemat og spett

Alle redskap er eit våpen

Om du tek og held dæ rett!

 

Copyright © gyldendal