Siste Reis

Appears on:

Due Og Drone

due og drone
Grappa
2021

Me kjører langs ein blåblank fjord
I lauvsalar av tre og blomar Den jamne duren av ein bilmotor
Så stilt som heile dagen ligg
I koma
- Og på sjukebåra bak ligg mor

Dagen er så still der me fér I ambulanse uten blålys og sirene
I set i framsetet som passasjer
Bak meg dropar livet ut
Tå drenet
- Det er sommardag og julivêr

Me kjører heim frå Haugesund Det er ho og I i ambulansen Ho pustar ennå med sin eigen munn
På siste stykket tå distansen Og over
- Gløder sola vill og rund

Ved sida sit ein vant sjåfør Me sit og snakkar lågmælt i lag
Eg kjenner henne godt frå før Det er Elsemor og ingen framand
Som styrer
- Fram til livets siste dør

Først opnar seg ein lang tunell
Som fører inn bak lyset Inn i grava under høge fjell
Sommarvarmt om enn me fryser
Og nattesvart
- Nattesvart men ikkje kveld

Mor mi søv og vaknar aldri opp
Dei sa at ingenting sto att å gjere
Hjertet slår seg fram til siste stopp
Der bilen stansar opp på ferda Og livet
- Flyktar stilt frå din kropp

Copyright © gyldendal